| Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt (mandag 21. desember 2009). Les mer om roperten… Møte med Helse VestStortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane, Ingrid Heggø, Åge Starheim,Knut M Olsen og Bjørn Lødemel hadde møte med styreleiar i Helse Vest og adm.dir i Helse Vest onsdag 14 des. Spørsmåla som vart reist var bla om konsekvensutgreiing av vedtak og etterkontroll av vedtaka. Samhandlingsreforma og konsekvensane for våre sjukehus vart debattert. Samhandlingsreforma er no til handsaming i Stortinget, og konklusjonen frå alle partar var at det er naturlig å avvente denne prosessen før ein går vidare. Vedrørande fødetilbod, informerte Helse Vest om at dei var i startgropa for å setja ned ei regional gruppe som skulle sjå på dette.Dei ville ha ei grundig konsekvensanalyse på plass før endelige vedtak kunne fattast. Vi var vidare innom temaet involvering og informasjon til tilsette og at dette har stor betydning både for tillit og for gjennomføring av vedtaka. Manglande investeringsmidlar uroa oss, og vi fekk forsikringar om at Helse Vest leiinga var opptekne av at naudsynt utstyr måtte på plass ved alle sjukehusa . Det vart likevel poengtert at også ekstra investeringsmidlar til Helse Førde måtte takast frå andre foretak i Helse Vest, inntil underskotet til Helse Førde er retta opp. Tonen var godt og prega av at alle hadde respekt for kvarandre sine rollar samstundes som vi var samde om det overordna målet om at helsetilbodet skulle vera både trygt og godt i heile regionen
Vist 295 ganger. Følges av 3 personer. | ||
Kommentarer
:-)
Hvordan går det med Helse Førde, nå når Mowatt har trekt seg fra styre?